Kor lang tid har du på samfunnskunnskapsprøven?
Du har maksimalt 60 minutt på samfunnskunnskapsprøven. Det same gjeld statsborgerprøven.
Er det nok tid?
For nesten alle, ja, med god margin. 38 oppgåver på 60 minutt er omtrent halvannan minutt per oppgåve, og eit flervalsspørsmål med tre alternativ tek sjeldan så lang tid når du kan stoffet.
Tala frå våre eigne øvingsprøver peikar same veg: halvparten er ferdige på under 16 minutt, og fire av fem på under 30. Det er ein øvingssituasjon og ikkje prøvedagen, så legg gjerne på litt for nerver, men biletet er tydeleg. Tid er sjeldan det som avgjer.
Når tida likevel blir eit problem
Éin situasjon: du tar prøven på eit språk du ikkje er trygg i. Då går tida til å lese spørsmålet, ikkje til å tenkje på svaret.
Det er verdt å ta på alvor når du vel språk til samfunnskunnskapsprøven. Kan du norsk godt nok, er det ein fordel å ta den på norsk, fordi den då også dekkjer kravet til statsborgarskap. Er du usikker, er ditt eige språk det trygge valet, og eit bestått resultat er eit bestått resultat.
Rekkefølgja på oppgåvene
Du trenger ikkje svare i rekkefølgje, og du kan gå tilbake. Sit du fast, hopp vidare og kom tilbake til slutt.
