Botid, og kvifor svaret ikkje er eitt tal
«Kor lenge må eg ha bodd i Norge?» er det spørsmålet som blir stilt oftast i heile løpet, og det er også det spørsmålet nettet svarer dårlegst på.
Kvifor det ikkje finst eitt tal
Botidskravet er avhengig av fleire ting samtidig:
- Kva type oppholdstillatelse du har hatt
- Om du søkjer permanent opphold eller statsborgarskap
- Om du er gift eller sambuar med ein norsk borgar
- Om du er nordisk borgar
- Om du har vore norsk statsborgar tidlegare
- Kor gammal du var da du kom
I tillegg er reglane endra fleire gonger dei siste åra.
Kva det betyr for deg
At eit tal du fann i eit forum, eller i ein artikkel utan dato, sannsynlegvis ikkje gjeld deg. Ikkje fordi den som skreiv det løg, men fordi det gjaldt ei annan gruppe eller eit anna år.
UDI har dei gjeldande krava, sortert etter kva gruppe du høyrer til i. Det er den einaste kilda det er verdt å planleggje etter.
Det du kan planleggje etter i mellomtida
Prøvane. Dei har ingen utløpsdato knytt til botid, og du kan ta dei når du vil. Det betyr at du kan få den delen unnagjort medan du ventar på at botida løper.
Det er faktisk eit godt råd: mange ventar med prøva til søknaden nærmar seg, og oppdagar da at prøvedatoane i kommunen er fulle, eller at dei strykjer og ikkje rekk eit nytt forsøk. Prøva kan du ta i god tid.
