Slik legg du opp øvinga
Dei fleste øvingsplanar du finn startar med «dag 1: les kapittel 1». Det er feil rekkefølge, og det er feil av ein enkel grunn: planen veit ikkje kva du kan frå før.
Rekkefølgja som verkar
1. Ta ei full øvingsprøve. Ikkje les noko først. Poenget er å måle, og ei måling du har forberedt deg til målar ingenting.
2. Sjå på det du bomma på, ikkje det du synest er vanskeleg. Dette er ofte to heilt ulike lister. Folk er dårlege til å gjette sine eigne hol.
3. Les om dei kompetansemåla. Berre dei. Har du tre svake mål, er det tre korte tekstar, ikkje eit heilt læreverk.
4. Ta ei ny prøve. Nye oppgåver, same mål. Ser du framgang på akkurat dei måla, verka lesinga.
5. Gjenta til du består med margin, fleire gonger på rad.
Kor mange gonger
Å bestå ein gong betyr lite. Prøva trekkjer oppgåver frå ein bank, så ei god prøve kan vere heldige trekk. Består du fem på rad med god margin, er det ikkje flaks lenger.
Om tida
Sjølve prøva er ikkje det som tek tid. Halvparten av øvingsprøvene hos oss er ferdige på under 16 minutt, og fire av fem på under 30. Du kan altså køyre ei full runde med prøve, lesing og ny prøve på ein kveld.
Kor mange kveldar du treng, er det ingen som kan seie deg før du har tatt den første prøva.
