Innvandring og integrering i Norge
Dette temaet handlar om det første møtet med Norge: kva du har rett på, kva som forventast av deg, og korleis ein omgås hverandre her.
Kva som dekkjest
Rettar og plikter som nyankomen. Kva du har krav på av opplæring og oppfølging, og kva du sjølv må gjere.
Omgangsformer og deltaking. Korleis ein deltar på sosiale arenaer, i nabolag, i foreldremøter, i frivillige organisasjonar. Det høyrest uformelt ut, men det er eit eige kompetansemål, og det kjem oppgåver på det.
Å bruke norsk utanfor undervisninga. Læreplanen har eit eige mål om betydninga av å bruke ulike arenaer for å lære norsk. Poenget er at språk ikkje lærast berre i klasserommet.
Kvifor det er verdt å ta på alvor
Fordi dette er temaet folk tar lettast på. Det verkar som allmenn folkeskikk, ikkje som pensum. Men oppgåvene er konkrete: kven kontaktar du, kva har du krav på, kva er fristen.
