Kva skjer på sjølve prøvedagen?
Det er mindre dramatisk enn folk trur. Her er rekkjefølgja.
1. Registrering
Du møter opp, viser gyldig legitimasjon med bilde og blir kryssa av. Telefon og andre saker legges bort.
2. Du får plass framfor ein skjerm
Prøven er digital og blir tatt på prøvestaden sitt utstyr. Du får ei kort innføring i korleis du navigerer: korleis du svarer, korleis du går vidare, og korleis du leverer.
3. Sjølve prøven
Maks 60 minutt. Flervalsoppgåver med tre alternativ, eitt riktig. Du kan hoppe over ei oppgåve og komme tilbake til den.
Dei fleste brukar langt mindre enn timen. På våre eigne øvingsprøver er halvparten ferdige på under 16 minutt. Nervar gjer nok sitt, men du kjem ikkje til å sitte og sjå tida renne ut.
4. Du leverer
Når du er ferdig, eller når tida er ute.
5. Resultatet
Prøven blir retta automatisk, så du får som regel vite utfallet raskt. Prøvestaden forklarer korleis resultatet blir formidla til deg.
Éin ting å ha i bakhovudet
Fire av oppgåvene tel ikkje. Dei er nye oppgåver som blir testa ut, og dei er ikkje merkte. Møter du noko som verkar urimeleg rart, ikkje bruk fem minutt på det. Svar, og gå vidare.
