Ta ei gratis øvingsprøve
Du kan ta ei heil øvingsprøve hos oss utan å betale. Ikkje fem oppgåver som smakebit, men ei full prøve i same form som den ekte: same antal oppgåver, same tre svaralternativ, same tidsramme.
Kvifor det er det første du bør gjere
Fordi det er det einaste som svarer på spørsmålet «kva må eg eigentleg lese?». Alt anna er gjetting. Etter éi prøve veit du kva kompetansemål du bommar på, og då kan du lese på 20 minutt det du ellers ville brukt ei veke på å leite etter.
Det kostar deg under ein halvtime. Halvparten av prøvene hos oss er ferdige på under 16 minutt.
Kva du får se etterpå
- Kor mange du hadde riktig, og om det heldt til bestått
- Kva kompetansemål du bomma på
- Ei forklaring på kvart einaste svar, også dei du hadde riktig
- Ei lenke rett til det du bør lese om, på ditt eige språk
Om språk
Samfunnskunnskapsprøven kan du øve på på det same språket du skal ta den ekte prøva på. Statsborgerprøven er på norsk, men forklaringa på kvart svar får du på ditt eige språk. Det er den delen som faktisk lærer deg noko, og den er det ingen grunn til at du skal lese på eit språk du framleis jobbar med.
